Valldal Aktivitetspark
Aktivitetsdag i Valldal Aktivitetspark Tid: Laurdag 25. mai 2019 kl. 11-18 (alle bør møte til starttida) For kven: Medlemmer i Epilepsiforeningen i Møre og Romsdal Påmeldingsfrist: 12. mai 2019 Vi er so heldige at vi har fått pengar som er øyremerka aktivitet for barn og unge i vår lokalforening. Dermed vil alle medlemmane få gratis inngong til aktivitetsparken – Epilepsiforeningen i Møre og Romsdal betalar. Aktivitetsparken i Valldalen er eit kjekt turmål, og vi håper mange vil vere med. Vi har reservert 30 plassar, så her er det fyrst til mølla. Alle syt for transport sjølv, og kvar tek med mat sjølv. Aktivitetsparken fyrer opp grill, så ta gjerne med grillmat. Det er lurt å kle seg godt, og kanskje eit sitjeunderlag som varmar litt. – det er ikkje sikkert sola skin ☺ Alle som skal delta må signere på at det er på eige ansvar – dette vert gjort når vi kjem til parken. Fint om du skriv i påmeldinga om du skal klatre eller berre vere på området. NB., les godt aldersgrensene og høgda for barn. Foreldre må sjølv ta ansvar for sine barn. Fint om de opplyser om event. fyljekort. For meir informasjon, les på www.valldalaktivitetspark.no Der finn du også sikkerheitsreglane som du bør lese. Meld deg på ved å sende epost til: moreogromsdal@epilepsi.no Vel møtt til ein kjempekjekk dag i godt lag☺ Venleg helsing Styret i Epilepsiforeningen i Møre og Romsdal v/ Hege Beitveit
Se flere aktiviteter